Stafett for livet.

Askøy Turn og Sportsdrillklubb har meldt på eit lag på Stafett for Livet, kreftforeininga sitt store 24 timars arrangement til støtte for kreftsaka. Dette føregår på Ravnanger idrettspark laurdag 3. juni kl 12. - søndag 4. juni kl. 12.  Her blir det mykje liv og røre, samt masse aktivitetar underhaldning til støtte for ein god sak! Me håpar du vil melde deg på og gå nokre eller mange rundar for klubben! Både utøvarar, supportarar, venner og familie er naturlegvis velkomne til å delta på vegne av klubben!

Klubben stiller med telt, nokre stolar og bord, så me har ein samlingspunkt der ein kan vere sosial og ta ein pause mellom slaga, så sjå etter oss! 

Påmeldinga er naturlegvis gratis! Still gjerne i klubbklede/supportarklede om du har!

 

LLink til påmelding: https://pamelding.stafettforlivet.no/lag/askoy-turn-og-sportsdrillklubb/

Meir om arrangementet: https://kreftforeningen.no/stafettforlivet/tilbud/kreftforeningens-stafett-for-livet-askoy/

Kreftforeningens Stafett for livet Askøy

Tid 3.- 4. juni 2023, Ravnanger. Følg stafetten Følg stafetten på Facebook for å holde deg oppdatert Hva er Stafett for livet? Kreftforeningens Stafett for livet er en hyllest til alle som er rammet av kreft. Familie, venner, skoler, foreninger, arbeidsplasser og andre danner lag for en person de vil støtte eller minnes. Sammen skal […]

kreftforeningen.no

Håpar så mange som mogeleg melder seg på!

 

23.05.2023 17:33
lagt til handlevogn