Sundag 16. juni 2019 opna ein både sjarmerande og imponerande utstilling i kafélokalet på Hardanger folkemuseum på Utne: kring 20 detaljrike dokker, kledd i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine portrett! Utstillinga vil stå ut august 2019.
Til utstillinga på Hardanger folkemuseum har eg med meg dokker som er utforma med utgangspunkt i Adolph Tidemand sine portrett. Tidemand arbeidde over ein periode på 30 år, frå 1843 til 1874 med draktstudier – eit studie som er av høg kunstnerisk og kulturell verdi. Tidemand etterlet seg ei stor samling arbeider frå draktstudiene sine, både oljemaleri, teikningar, akvareller og skissebøker. Heile denne samlinga er i dag i Nasjonalgalleriets eige, der mange inngår i basisutstilling
Eg har laga kopiar i miniatyr av folk og drakter i Tidemand sine bilete. Utstillinga blir som ein korrespondanse mellom fortid og notid, der eg prøver å fanga desse levde liva og draktene deira, i mitt format.