Overliv frå ca 1850 Overliv frå ca 1850 Overliv frå ca 1850 Overliv frå ca 1850 Overliv frå ca 1850 Overliv frå ca. 1850 - og i miniatyrutgåve til dokke

Eg har i fleire år jobba med ein database om folkedrakter, primært frå Tysnes i Sunnhordland. Prosjektet vart realisert i 2009 som eksamensoppgåve i samband med studiet "Drakt og samfunn 2" på NTNU og Bunad- og folkedraktrådet.  Eg har sidan hatt fleire utstillingar av lokale folkedrakter, både i eige galleri og på museum. Ein del av plagga blir kopiert i miniatyr til folkedraktdokkene. - Her ser du smakebitar frå plagg som er registrert i databasen, som tel nærare 600 plagg. Plagga blir også presentert i bloggen min Folkedraktplagg frå Tysnes og på Facebook sida Folkedraktplagg frå Tysnes.

                                                                                                                                                                                                                                                  

Flott gammalt forseggjort  belte med applikasjonar og perlebroderi.

Bringeklut med perlenett montert på raudt ullstoff. Denne type korte og breie bringeklutar høyrer til den eldre folkedrakta med korte overliv, frå rundt 1850 eller før.

  • Bringeklut med bord av perlenett
  • Dåpsbleie
  • Dåpshuve
  • Overliv i silke
  • Laskatrøye med silkekantar