Fiskar i gul sydvest

Opp gjennom åra har eg formgitt og laga dokker i mange ulike fasongar og storleiker. Dei siste åra har eg  arbeidd mykje med dokker i folkedrakter, og har då hatt god nytte av opplysningar om eldre draktmateriale som eg har samla i ein database om folkedrakter på Tysnes. Eg har òg halde foredrag og skrive artiklar om emnet.

Dokkene  har vore omtala i både norske og utanlandske tidsskrift (Danmark, Holland, Tyskland og USA).  Dei har delteke på ei rekkje kunstutstillingar, og dokker har vore kjøpt inn og stilt ut på museum. I  2009 gav Tysnes kommune ei "Tysneskone" i gåve til kongeparet då kongen og dronninga besøkte kommunen. 

Familie frå middelalderen