Britt Kjellesvik Rage

Velkomen til tekstilhandverk, verkstad og galler med galleributikk, ved Våge på Tysnes 4 mil sør for Bergen, etablert 2002.

Britt Kjellesvik Rage har i mange år kartlagt eldre, lokalt draktmateriale, som ho vidareformidlar gjennom utstillingar, foredrag, blogginnlegg, artiklar og bøker. Ho har også spesialisert seg på dokker i historiske drakter, og har forvandla dette til ei kunstform i seg sjølv.  Ho skaper óg andre ting innan tekstil, med særleg fokus på  historiske klede frå vikingtid og middelalder. Britt har studert draktskikk og draktkultur ved Universitetet i Bergen og NTNU , samt praktisk og teoretisk utdanning i danske folkedrakter i Bjerringbro, Danmark . "Frikvinne" i vikingbyen Njardarheimr i Gudvangen. 

Breidablikk Anno opnar dørene på forespørsel.  Kontakt Britt på tlf. 986 54 1 10.  Kan stort sett opna på kort varsel. Du er også velkomen til å stikka innom spontant!

Britt Kjellesvik Rage: Bringeklutar frå Tysnes.

Bringekluten er eit eventyrleg lite draktplagg med røter i renessansen. Dette var ein del av drakta der kreativitet og personleg smak fekk utfalda seg, ofte til små kunstverk. På 1800-talet var tilgangen på mønster og materialer avgrensa, noko som ofte gav bringekluten eit personleg preg.  Boka viser eit rikt utval  av bringeklutar frå Tysnes i Vestland, og lesaren kan finna inspirasjon til å ta i bruk gamle mønster og teknikkar. Ho fortel òg om historia og symbolbruken knytt til bringekluten, og om handel og tilgang på materialer. Boka er relevant langt utanfor Tysnes! Boka er for sal på Amazon.com (også som e-bok), eller kan kjøpast direkte frå Britt. Pris kr 440.