Britt Kjellesvik Rage

Verkstad og galleri i Våge på Tysnes 4 mil sør for Bergen, etablert 2003.

Britt Kjellesvik Rage har spesialisert seg på dokker i folkedrakter, men ho skaper óg andre ting innan tekstil, då særleg historiske klede frå vikingtid og middelalder. I dei siste åra har Britt arbeidd mykje med eldre draktmateriale og hatt utstillingar, halde foredrag, skrive artiklar og blogga om emnet. Britt har studert drakthistorie og draktskikk og er årleg på kurs i praktisk og teoretisk utdanning i danske folkedrakter i Bjerringbro, Danmark. "Frikvinne" i vikingbyen Njardarheimr i Gudvangen. Aktuelt: Utstilling "Tidemand i miniatyr" på Sæbøtunet i Etne, sjå Det skjer.

Breidablikk Anno har ope på forespørsel.  Kontakt Britt på tlf. 986 54 1 10.  Kan som oftast opna på kort varsel. Eller berre stikk innom!

Britt Kjellesvik Rage: Tidemand i miniatyr

Over ein periode på 30 år, frå 1843 til 1874, arbeidde målaren Adolph Tidemand med studiar av norske folkedrakter. Ein del av vestlandsportretta hans har blitt modell for dokkene i denne boka. Dokkene vart laga i samband med utstillinga "Dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand" som fyrste gong vart vist på Hardanger folkemuseum i Utne sommaren 2019. I boka finn du mønster og forklaring på kropp og klede til alle dei 22 dokkene, frå små bringeklutar, halvskjorter og kruner til liv, trøyer, bukser og stakkar.

Paperback i stort format, 109 s. Boka er for sal på Amazon.com (også som e-bok), eller kan kjøpast direkte frå Britt. Pris kr 220 for paperback, innbunde kr 290.