Kulturminnedagane 2023

Kulturminnedagane 2023

Levande kulturarv i Bjørnafjordregionen. Kulturminnedagane 2023 går av stabelen frå 2. til 10 september. Tema i år er levande kulturarv, og i kommunane rundt Bjørnafjorden har gode handverkskrefter slått seg saman og laga eit rikhaldig program. Britt Rage og dei fabelaktige dokkene hennar tar turen frå Tysnes til Os, der dokkeutstillinga «Tiedemand i miniatyr» blir å sjå i Det gamle kommunehuset. Rage held òg foredraget «Vår fargerike fortid». 


  

Første post i kulturminneløypa er Holdhus kyrkje 2. september, der det blir opning av Kulturminnedagane. Måndag opnar utstilling i Det gamle kommunehuset på Os. På utstillinga kan du i tillegg til Britt Rage sine dokker også studera bunadsdelar frå heile regionen og handlaga knivar.

I Yrkesstova i Finnebrekka blir det handarbeidskafé og foredrag med Britt Kjellesvik Rage tysdag 5. september, før Kulturminnedagane blir avslutta same stad 10. september med demonstrasjon av ulike handverk. 

Registrering. Har du ein gamal bringeduk, eit liv, ein stakk, forkle eller andre gamle plagg? Ta det med og få det registrert! Det blir registrering hos Britt Rage på Breidablikk Anno. Kom innom og få dei gamle bunadsskattane dine registrert, så bidrar du til kunnskapen om den levande lokale bunadstradisjonen. 

10.09.2023 09:26