Dokkegalleriet held til i Galleriet på Breidablikk, Grovarvn. 16, 500 m frå Våge, v/ Tysnes kyrkje. Skiftande utstillingar av kunst og kunsthandverk. Historiske plagg frå middelalderen, Tysneshuver m.m. Handlaga dokker i historiske drakter, finger- og handdokker, leikedokker og mykje anna kjekt! Grafikk av Magne Kjellesvik. Rosemåling av Marianna Heggland Brungot. Porselensknappar frå Rageform.

Faste opningstider om sommaren, sjå nettside og plakater. Ope etter førespurnad heile året :-) For grupper over 10 personar/bussar ta kontakt for avtale.

Epost dokkegalleriet@gmail.com

Tlf  98 65 41 10

Send meg gjerne ei melding!




Din melding er sendt
En feil oppstod, meldingen ble ikke sendt.

INFO OM KJØP

Trygt for deg
Varene har du til gjennomsyn i 10 dagar med full returrett. Retur vert berre godteke i dei tilfella der varen er ubrukt og uskadd. Dersom du sender tilbake ei vare som ikkje svarte til forventningane, send den til oss som vanleg pakke eller brev, ikkje mot postoppkrav. Hugs å pakka godt inn, du står sjølv for transportrisikoen og -kostnaden. Har du alt betalt for varen, vil du straks få refundert beløpet. Varen blir sendt på rimelegaste måte med posten. 

Betaling
Alle prisar er utan frakt. Faktura på epost og betaling når varen blir sendt, evt oppkrav. Kunden må betala oppkravsgebyret, kr 71. For kjende kundar kan det leggjast ved faktura.

Leveringstid
2 -15 dagar for dei fleste varer i nettbutikken + postgang. Spesialbestillingar inkl. folkedraktdokker kan evt. ta lengre tid. Du får melding tilbake dersom leveringstida er lengre enn 2 veker.

Reklamasjon
Om du vil reklamera på ei vare som du meiner ikkje held mål, ta kontakt med oss først på e-post eller på tlf. 986 54 110 slik at me saman kan prøva å koma fram til ei minneleg løysing.