Kystkultur i kunsten -  Kystsogevekene 2017

Kystkultur i kunsten - Kystsogevekene 2017

Laurdag 26. august 2017 Kl. 12:00 — 27. august 2017 Kl. 17:00
Dokkegalleriet

Salsutstilling med bilete av Magne Kjellesvik. Utstilling av dokker i folkedrakter knytta til kystkulturen i Sunnhordland, laga av Britt Kjellesvik Rage. Utstilling av fiskarklede frå tidlegare tider. Søndag 27. august kl. 16 vert det kåseri om fiske i gamle dagar ved lokalhistoriker Olav Skjellevik.

Salsutstilling med bilete av Magne Kjellesvik. Det blir også ei lita utstilling av eldre klede som kunne bli brukt på fiske i tidlegare tider. Utstilling av dokker i folkedrakter knytta til kystkulturen i Sunnhordland, laga av Britt Kjellesvik Rage.

Magne Kjellesvik er ein velkjend kunstnar for dei fleste sunnhordlendingar. Bileta hans er nært knytta til kystkulturen og landskapet i Sunnhordland.

Britt Kjellesvik Rage har i fleire år samla og systematisert gammalt draktmateriale, som ein også kan sjå i dei utstilte folkedraktdokkene - m.a. i fiskarklede. I samband med utstillinga vil ein dessutan kunna sjå delar av Britt sin øvrige produksjon av tekstiler og historiske plagg.

Søndag 27. august kl 16: Kåseri om fiske i gamle dagar. Ved lokalhistoriker Olav Skjellevik (i utstillingslokalet).

12.08.2017 16:16