Overliv frå ca. 1850 Overliv frå 1850. Miniatyrutgåve til dokke.

Eg jobbar med ein database om folkedrakter, primært frå Tysnes. Dette prosjektet, som eg hadde tenkt på i fleire år, vart realisert i 2009 som eksamensoppgåve i samband med studiet "Drakt og samfunn 2" på NTNU og Bunad- og folkedraktrådet. Sommaren 2009 hadde eg ei utstilling om lokale folkedrakter på Tysnes folkebibliotek, og i seinare år utstillingar av m.a. Tysneshuver og bringeklutar i Dokkegalleriet. Ein del av plagga blir kopiert i miniatyr til folkedraktdokkene.  Her ser du smakebitar frå plagg som er registrert i databasen, som tel meir enn 300 plagg.  Plaggene blir også presentert i bloggen min Folkedraktplagg frå Tysnes.  

                                                                                                                                                                                                                                                  

  • Bringeklut med bord i perlenett

    Bringeklut med bord i perlenett

  • Bringeklut med bordert bord

    Bringeklut med bordert bord

  • Dåpsbleie

    Dåpsbleie

  • Dåpshuve

    Dåpshuve

  • Dokke i folkedrakt

    Dokke i folkedrakt

  • Folkedraktplagg til dokke

    Folkedraktplagg til dokke

  • Gammalt overliv i silke

    Gammalt overliv i silke

  • Koner med Tysneshuve

    Koner med Tysneshuve

  • Laskatrøye med grøn silkekant

    Laskatrøye med grøn silkekant

  • Nysydd jentehuve

    Nysydd jentehuve

  • Bringeklut med bord i perlenett
  • Bringeklut med bordert bord
  • Dåpsbleie
  • Dåpshuve
  • Dokke i folkedrakt
  • Folkedraktplagg til dokke
  • Gammalt overliv i silke
  • Koner med Tysneshuve
  • Laskatrøye med grøn silkekant
  • Nysydd jentehuve
Tysneskone frå 1800-talet.

Opp gjennom åra har eg formgitt og laga dokker i mange ulike fasongar og storleiker. Dei siste åra har eg  arbeidd mykje med dokker i folkedrakter, og har då hatt god nytte av opplysningar om eldre draktmateriale som eg har samla i ein database om folkedrakter på Tysnes. Eg har òg halde foredrag og skrive artiklar om emnet.

Dokkene  har vore omtala i både norske og utanlandske tidsskrift (Danmark, Holland, Tyskland og USA).  Dei har delteke på ei rekkje kunstutstillingar, og dokker har vore kjøpt inn og stilt ut på museum. I  2009 gav Tysnes kommune ei "Tysneskone" i gåve til kongeparet då kongen og dronninga besøkte kommunen. 

 

 

  • Tysneskone ca. 1850. Kan bestillast

    Tysneskone ca. 1850. Kan bestillast

  • Tysneskone i laskatrøye kr 2800

    Tysneskone i laskatrøye kr 2800

  • Bergensmadam. Kan bestillast

    Bergensmadam. Kan bestillast

  • Fiskar i oljehyre. Kan bestillast

    Fiskar i oljehyre. Kan bestillast

  • Kone frå Sand etter portrett frå 1849 kr 2600

    Kone frå Sand etter portrett frå 1849 kr 2600

  • Anna Knutsdotter i strikka trøye kr 1400

    Anna Knutsdotter i strikka trøye kr 1400

  • Middelalderkone med hovudplagg kr 1900

    Middelalderkone med hovudplagg kr 1900

  • Munk med rosenkrans kr 2400

    Munk med rosenkrans kr 2400

  • Sunnhordlandskone kr 2600

    Sunnhordlandskone kr 2600

  • Middelalderfolk

    Middelalderfolk

  • Tysneskone ca. 1850. Kan bestillast
  • Tysneskone i laskatrøye kr 2800
  • Bergensmadam. Kan bestillast
  • Fiskar i oljehyre. Kan bestillast
  • Kone frå Sand etter portrett frå 1849 kr 2600
  • Anna Knutsdotter i strikka trøye kr 1400
  • Middelalderkone med hovudplagg kr 1900
  • Munk med rosenkrans kr 2400
  • Sunnhordlandskone kr 2600
  • Middelalderfolk