Bjørn-Harald Mydland. Roman
"Herrestrikkeklubben" er ei fornøyelig fortelling om Arne Bjarnesen, ein rekneskapsfører i 50-årsalderen, som har strikking som hobby. Ein dag møter han andre menn i heimbyen sin som også strikkar i løyndom. Saman dannar dei "Herrestrikkeklubben". I tillegg til å strikka, nøstar dei opp i strikkehistoria og fortel når strikkekunsten kom til Europa og Noreg. Dei finn blant anna ut at det var menn som i byrjinga dreiv med strikking.
Predikanten Hans Nielsen Hauge var blant dei som byrja med strikkekunsten i Noreg. Då han vandra frå bygd til by som predikant, brukte han å strikka mens han gjekk. Ein dag "Herrestrikkeklubben" har møte på den lokale pub'en, finn dei ut at dei vil arrangere ein konkurranse kor deltakarene skal gå ei løype medan dei strikkar.
Illustratør: Yvonne Hult
Utgitt: 2019
Nynorsk
isbn. 9788292879894
Nynorsk
Utgitt 2019
Kun kunder som er logget inn kan legge igjen en anmeldelse
Det er ingen anmeldelser enda