Kjøtet frå villsauen er rein delikatesse, magert, møyrt, mildt og smakrikt. Alt det raffinerte sauen kan velje mellom i solundnaturen, gjer kjøtet nærmast sjølvkrydra, endå til med ei aning av vilt. Feittet er i hovudsak lagra kring innvollane, og kjøtet har dermed ideell marmorering. Typisk er den djupe, raudlege fargen. Det er veleigna både til pålegg og i vanlege lammerettar. Prøver du pinnekjøt eller fenalår av villsau, har du valt det for alltid.  Ikkje rart at etterspurnaden etter villsaukjøt er stor både blant private og av finare restaurantar.

Varer merket *** er fersk eller frossen fisk og kjøtt, og kan ikke sendes i posten.  Varene kan hentes på Solundmat, eller levers mot avtale.