Brun kjøtet i olje i jerngryte med lok.  Alternativt i langpanne i steikeomnen på 250 grader i 8 – 10 minutt.  Snu lammelåret under bruninga.  Krydre deretter med salt og pepar.  Legg i kvitløk, grovhakka løk, gulrøter og krydderurter.  Hell i vin og buljong.

Steik kjøtet under lok i omnen på 150 grader i 6 – 7 timar.  Snu låret med jamne mellomrom frå start, og sørg for at steika ikkje tørkar ut.  La kjøtet kvile i 20 minutt før oppskjæring. 

Brukar du steiketermometer, har du raudt kjøt ved 65 grader og rosa kjerne inni ved 70 grader.  Ved 76 grader er kjøtet gjennomsteikt.

 

 2,5 kilo lammelår frå SolundMat

3 ss olivenolje

salt og pepar

1 kvitløk

3 gulrøter

2 stk gul løk

2 kvastar rosmarin

10 kvastar timian

6 dl bladpersille

1 dl raudvin

4 dl lys buljong

 

Steika skal stå i omnen i 6 – 7 timar

 6 porsjonar