Bedrifta

Ytrøy Fiskemottak vart etablert i 1969. Under leiing av Andreas Oddekalv, og seinare sonen Arvid. I 2010 Vart mottaket nedlagt etter lang og tru tjeneste for fiskarane. Mottaket utgjer betongkai og mottaks-/produksjonshall. 

Etter full innvendig renovering av bygget og innkjøp av nytt utstyr, vart mottaket i 2011 opna for ny og meir allsidig drift. Verksemda SolundMat AS vart leigetakar.

SolundMat AS er eit selskap som er eigd av heile 57 eigarar: lokale bønder, fiskarar og andre engasjerte personar, også regionale og  sentrale. Forretningsideen er bl. a. å gje kundane særs gode matopplevingar ved å bruke kjøt, fisk og andre råvarer frå Solund, alt designa i ein pakke, med alt tilhøyr og jamvel mathistoria attpå. 

Produkta blir retta inn mot velrenommerte restaurantar,butikkar,  etablerte fiskeoppkjøparar og private.