Pionerprosjekt på Sunnmøre: verdas første røyrtunnel

Forprosjektet på løysinga for verdas fyrste kombinerte røyrtunnel, som har sjø rundt seg på alle kantar, og flytebru, var ferdigstilt juli 2014. Bak prosjektet står Vanylven Utvikling AS, ingeniør- og entreprenørverksemda Reinertsen AS, Dr. techn Olav Olsen, Snøhetta og SINTEF.

Røyrtunnel har vore utreda fleire stadar, men er aldri bygd. Slike løysingar kan vise seg å bli framtidas løysingar også for å krysse dei breidaste og mest kompliserte fjordane i Noreg og i utlandet. Fjordkryssinga på Sunnmøre er spesielt egna som pionerprosjekt fordi lengden på røyret berre vert 230 meter.

Ein slik fjordkryssing vil binde saman den maritime klynga på Sunnmøre med dei ytre delane av Sogn og Fjordane og ytterligere medverke til å auke mobiliteten i ein blømande arbeidsmarknad, men også for Kystvegen Ålesund-Bergen.

 

Løysinga er totalt sett 3 500 meter lang. Konstruksjonen består både av tunnel i fjell, flytebru og sokalla ”neddykka røyrbru” – eller røyrtunnel. Seilingshøgda over røyrtunnelen blir 14 meter – noko som vil tillate alle skip bortsett frå dei aller største supertankarane og oljeriggane å gå over. Løysninga er planlagt med gang og sykkelsti.

Rovdefjord-kryssinga vil bli eit pilotprosjekt når den står ferdig. Prosjektgruppa som har jobbet med dette har også erfaring frå tilsvarande freistnader på kryssing av Sognefjorden, Høgsfjord og Sulafjorden.

”Sammenlikna med disse kryssingane framstår Rovdefjord-prosjektet med røyrbru (røyrtunnel)som enklare. Prosjektet har likevel svært stor verdi som teknologikvalifiseringsprosjekt for neddykka røyrbru,” skriv Reinertsen AS i sin ekspertrapport.

Hvis ein tek vegstrekninga Kristiansand – Trondheim langs E 39 er der til saman 8 svært utfordrande fjordkryssingar. Skal løftet om fergefri E39 verte realisert må det truleg utviklast billigare og mindre visuelt skjemmande løysingar for disse kryssingane.

Løysinga er i aller høgste grad er konkurransedyktig med tradisjonelle løysingar.