AKSJETEIKNING

 

Vi er no inne i innspurten av ny aksjeteikning for Rovdefjordsambandet. Med godkjend kommunedelplan på plass står no reguleringsplanarbeidet for tur. Samstundes som vi jobbar med  kostnadsoverslag og finansieringsplan.

Vi har den enklaste og billigaste  trasen for ei dykka rørbru. Rovdefjordsambandet kan verte det første sambandet med denne løysinga/teknologien. Vi jobbar framleis med å få pilotstatus for prosjektet.

Sambandet må byggast no og vise veg for dei andre større fjordkryssingsprosjekta på E-39 og elles i landet vårt. Kommunikasjonar og fjordkryssingar som vi alle ønskjer skal vinne fram.

Vi vågar påstanden; Startar vi ikkje med eit lite enkelt prosjekt først, er det ingen som vågar seg i kast med eit av dei større. 

Legg ved invitasjon til aksjeteikning, teikningsblankett og brosjyre og tillèt oss med dette og be om bidrag på eine eller andre måten frå di bedrift.

 

Høyrer gjerne frå dykk.

 

Mvh

Rovdefjordsambandet AS v/Magne Løvoll, styreleiar

Vanylven Utvikling AS v/Tor Inge Nygård og Svein Gjelseth

 

 

 

Rovdefjordsambandet

Rovdefjordsambandet er eit viktig bindeledd mellom ytre Nordfjord og søre Sunnmøre, og vil skape gunstigare rammevilkår for maritimt og marint næringsliv, transport og for ein meir rasjonell bu- og arbeidsmarknad langs kysten.

Det er av lokal, regional og nasjonal interesse at prosjektet vert realisert raskt - kryssninga av Rovdefjorden er meir enn ein samferdselsprosjekt. Det er eit pionerprosjekt som vil endre korleis ein kryssar fjordar i Norge og internasjonalt. Utover å betre infrastrukturen for 62 142 innbyggjarar i Nordfjord og på Sunnmøre, vil prosjektet vise veg for utvikling og testing av ny rørtunnel-teknologi og modernisering av flytebru-teknologi.

Skal ein kunne bygge betre og smartare vegar må ny vegbyggingsteknologi utviklast. Med Rovdefjordsambandet vert ny teknologi realisert.