Dokker i folkedrakter etter Tidemand

Dokker i folkedrakter etter Tidemand

Sundag 16. juni 2019 opna ein både sjarmerande og imponerande utstilling i kafélokalet på Hardanger folkemuseum på Utne:  kring  20 detaljrike dokker, kledd i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine portrett! Utstillinga vil stå ut august 2019.

Til utstillinga på Hardanger folkemuseum har eg med meg dokker som er utforma med utgangspunkt i Adolph Tidemand sine portrett. Tidemand arbeidde  over ein periode på 30 år, frå 1843 til 1874  med draktstudier – eit studie som er av høg kunstnerisk og kulturell verdi. Tidemand etterlet seg ei stor samling arbeider frå draktstudiene sine, både oljemaleri, teikningar, akvareller og skissebøker. Heile denne samlinga er i dag i Nasjonalgalleriets eige, der mange inngår i basisutstilling

Eg har laga kopiar i miniatyr av folk og drakter i Tidemand sine bilete. Utstillinga blir som ein korrespondanse mellom fortid og notid, der eg prøver å fanga desse levde liva og draktene deira, i mitt format.

28.04.2019 11:45