Trykk på bilde for innloggingsbilde
Vips nummer er : 90693303

DRIVINGRANGEN

Du kan no kjøpa elektroniske kort til bruk på drivingrangen.
kr. 200,- gir 11 bøtter
Kr. 500,- gir 30 bøtter
kr. 1000,- gir 65 bøtter
kr. 2000,- gir 150 bøtter

...

Ein kan framleis også bruka myntar kr. 20,-

NB !!  DRIVINGRANGEN ER STENGT FOR BALLPLUKKING MANDAG, ONSDAG OG FREDAG FRÅ KL. 08-10,30.

Har du spørsmål til klubben? Send ein mail.

Din melding er sendt
En feil oppstod, meldingen ble ikke sendt.
På lager i proshopen her.

Status på banen.

Banen er open med sommargreenar. 

Drivingrangen er open .

Du kan kjøpa kort for bruk av drivingrangen.

 

Du må bestille starttid i golfbox før du kan gå ut.

Dette kan du gjera med ein app som du hentar ned frå din appstore.

 

Dei nye bunkersrakene skal liggja inne i bunkeren slik at dei ikkje kjem i vegen for klipparen.

 

Dersom du ynskjer å trena på pitching, kan du bruka drivingrangen laurdag og sundag frå kl. 07-09,00.

 

Dagens ros

  • Øyvind Fykse

    Øyvind Fykse

  • Øyvind Fykse

 

 

Skikk og bruk

Kjære snusarar. Skjerp dåke. Ikkje hiv brukte snusdosar på golfbanen.

Helsing Sofie

NB, Det gjeld også sneipar både på banen og rundt klubbhus og minigolf. (red)

Golfmagasin med nyheter.
ngf Link til NGF
nif Link til NIF
ngolf Link til NorskGolf

Golfheftet 2018 på lager i proshop no. Fint å bruka som julepresang.

Benny i fullt driv med drenering.

For dei som lurer på om da skjer noko på  banen! Her kommer eit bilde fra hol 2. Eg er igang med drenering. Trur og håpar at ditta må  hjelpa Kraftig!!
Sterk i ryggen blir eg kanskje og, siden me ikkje har maskin til rådighet .

Helsing Greenkeeper

Meld deg som bidragsytar til Stord Golfklubb

T-serien finale tysdag 5. september.

Då var T-serien over for i år.

Suveren vinnar i klasse Herrer (netto) vart Simen Aas med 267 slag. Det vart delt andreplass med Vidar Valdersnes og Bjørn Eldøy med 273 poeng, og delt fjærde plass med Jan Aas og Gunnar Grov med 274 poeng.

I klasse B er Arve Bremnes vinnar med 148 poeng, Sigurd Litlabø nr. 2 med 140 poeng, og Halvor Grov nr. 3 med 138 poeng.

I dameklassen vann Liv Ingrid Grov med 140 poeng, på 2. plass Kjellfrid Lie Økland med 135 poeng, og Liv Berit Økland på 3. plass med 127 poeng.

Bilde 1 Trykk på bildet for å sjå baneguiden.

Årets matchplayar vart Kåre Løkhammer.

Klubbmeister 2017

Årets klubbmeister i herreklassen vart Øyvind Fykse Lie, 145 slag, med Jan Aas som nr. 2 med 153 slag og Vidar Valdersnes som nr. 3 med 163 slag.

Seniorklassen vart vunne av Einar Bjelland, med 161 slag, med Kåre Løkhammer som nr. 2 med 167 slag, og Svein Økland som nr. 3 med 169 slag.

Dameklassen vart vunne av Liv Ingrid Grov med 176 slag.

Stablefordklassen vart vunne av Torben Carlsen med 78 poeng, føre Lars Peder Langeland med 76 poeng og som nr. 3 Astrid Antonsen med 70 poeng.

Trykk på bildet for link til resultatlisten.

Det er for tida stor trafikk på banen, men dessverre er mange ikkje ansvarlege nok til å registrera tida si i GolfBox. Dersom du ikkje er i stand til å bestilla tid, må du be meg om hjelp. Me vil ikkje akseptera at dette slurvet tiltek. Alle veit kven det gjeld, då systemet er ope for alle medlemane. Skjerp dykk ungdomar. Helsing Ottar.

Kontingent 2017

Krav om kontingent er sendt  ut til dykk på mail. Er det nokon som har fått feil faktura eller ikkje fått i det heile, så ta kontakt på mail.   klubb@stordgolf.no     Dei som har fått faktura i posten, må senda meg mailadressa si, slik at eg kan retta det opp.   Er det nokon som ynskjer å melda seg ut, så er det fint om me får beskjed straks. Til dei som endo ikkje har betalt, så vil speleretten bli sperra intil betaling kjem. Beklager dette. Har idag sletta 62 medlemmer som desverre ikkje har betalt. Håpar nokon ombetsemmer seg. 

Stord 7/6-2017

For styret

Ottar

 

 

Opningsturnering 2.april

Det var 26 deltakarar på opningsturneringa i dag. Vinnar klasse A vart Marius Knutsen føre Bjørn Eldøy og Asbjørn Tverdal. Klasse B vart vunne av Stian Hatlevik føre Anders Myklebust og Lars Peder Langeland. Klasse senior Knuste Kjellfrid Lie Økland mennene, med Svein Økland som nr 2 og Jens Hinderaker nr. 3.
Litt vått var det, men alle var nøgde trur eg.

Årsmøte 2017 vart halde tysdag 31. januar.

 Det møtte 16 stemmeføre til årsmøte i 2017. Sakene vart godkjendt, og nytt styre vart vald.

 

For dei som er dårlege til beins har me ein bil.

Seniorgolf 2017

Seniorgolf i Stord GK.

Kvar onsdag kl 10.30 møtest spelarar, kvinner og menn med hcp frå heile skalaen til ein uhøgtideleg runde golf. Kvifor.? Bli betre kjent med kvarandre og avrunde det heile med ein god drøs over ein kopp kaffi. Dåke kan melda dåke på i Golfbox. Det er ikkje startavgift for denne gruppa.


Vel møtt til alle.


Jonny og Wilfred.

Tlf. 5349 5690
Utbjoe Auto as