Øyriket Solund har meir enn 1700 øyer aller lengst vest i Noreg.

Her, kor dei frådande vassmassane frå Nordsjøen skurer svaberga blanke og villsauen finn ly og beite i det karrige vestlandskapet, har vi tusenårige fangsttradisjonar.

Fersk fisk og salta fisk, skaldyr og villsau.

Alt vi byr på er reint, ekte og urørt – direkte frå fiskaren og bonden.

Vi tenkjer ikkje på masseproduksjon her ute.

Det er heller den daglege fangsten som avgjer kva du vert tilbydd.

Og difor er det også noko eige med råvarene herifrå.

Vi kallar det smaken av øyriket.