Struthette - eit moderne plagg frå middelalderen!

Struthettene blir laga både for vaksne og barn, primært i ullfilt og fleece. Be gjerne om å få tilsendt stoffprøver!

I Norge skal det berre vera bevart ei einaste struthette, den stammer frå Uvdal stavkyrkje i Buskerud. Men på Vest-Grønland gjorde arkeologane i 1921 eit omfattande draktfunn frå 1200-1300 talet. Her vart det m.a. funne struthetter.

Struthetta består som namnet seier av ei hette med strut. Den har stor krage, såkalla skulderslag som når ned på brystet. Me veit frå skriftlege kjelder at lengda på struten har vore eit sosialt signal, det var restriksjonar på både kor lang og tjukk struten skulle vera. Lang strut betydde at ein var høgt på strå.

Struthetta fanst i mange variantar, og har truleg vore brukt av både kvinner og menn. Men når ein kjem ut på 1400-talet og struten blir vikla rundt hovudet og ansiktsopning og halsopning "byter plass" kan ein begynna å snakka om eit maskulint plagg.

 

  • I struthette og kjortel

    I struthette og kjortel

  • Barsking i struthette kr 720 (XL)

    Barsking i struthette kr 720 (XL)

  • Gut med kollhuve kr 750

    Gut med kollhuve kr 750

  • Kollhuver i forskjellige fargar kr 350 - 450

    Kollhuver i forskjellige fargar kr 350 - 450

  • Struthette for barn i fleece 3 år kr 300

    Struthette for barn i fleece 3 år kr 300

  • Struthette til barn i fleece kr 340 (130 cl)

    Struthette til barn i fleece kr 340 (130 cl)

  • Struthette til baby i fleece kr 260 (80 cl)

    Struthette til baby i fleece kr 260 (80 cl)

  • Struthette i fleece kr 410 (S-M)

    Struthette i fleece kr 410 (S-M)

  • Struthette i ullfilt kr 620 - 680

    Struthette i ullfilt kr 620 - 680

  • I struthette og kjortel
  • Barsking i struthette kr 720 (XL)
  • Gut med kollhuve kr 750
  • Kollhuver i forskjellige fargar kr 350 - 450
  • Struthette for barn i fleece 3 år kr 300
  • Struthette til barn i fleece kr 340 (130 cl)
  • Struthette til baby i fleece kr 260 (80 cl)
  • Struthette i fleece kr 410 (S-M)
  • Struthette i ullfilt kr 620 - 680