Lær å modellera di eiga dokke!

Eg har hatt kurs på AOF i Bergen, i regi av lokale husflidslag ulike stader i Hordaland og i Dokkegalleriet.

Til dokkekursa blir det presentert ferdig opplegg m/kurspakke. Du lærer dei grunnleggjande teknikkane for å laga ei folkedraktdokke. Tid: ca 20 timar, fordelt over minst 3 dagar. Kurshaldar vil visa halvferdige og ferdige dokker. Kleda må evt. fullførast heime. Det har vore halde kurs i å laga Bergensmadam, Tysneskone, munk, engel m.m. - ta kontakt om du ønskjer kurs!

Eg kan også halda føredrag om dokkelaging/folkedrakter m.m..
Ta kontakt for nærare informasjon!

Foto frå dokkekurs, til venstre: Dei nye Tysneskonene er i undertøyet medan kleda blir klargjort. Originalen overvaker frå venstre! Til høgre: Bergensmadam med menn.

Dokker laga på mine kurs